Master of the universe – ein sårbar historie utan ein moralpreike

Avbildningar

Skodespelet startar med avbildingar av sjølvmordsforsøk. Scenene blir framført med humoristisk preg, noko som først blir anset som morosamt, men ettersom scenen utfoldar seg, synk stemninga blant publikum, og i opningsscena blir difor klappinga meir nølande for kvart «sjølvmordsforsøk», ettersom publikum forstår at dette eigentleg ikkje er morosamt.I Master of The Universe møter Beatur som det visar seg, har opplevd mykje igjennom livet. Stykke startar som sagt med ein rekke mima sjølvmord, kombinert med artig musikk, og ute av kontekst kunne det virke tilfeldig og grotesk, men viste seg å kunne tolkast med ein mykje djupare betydning.

Humoristisk alvor

I sjølve hovuddelen skifter temaet mot barndommen og stundene som førte opp til han blir rusavhengig, mellom anna omsorgssvikt, og fråverande foreldre. Utover første halvdel av handlinga får vi, i lag med diverse musikk og lys innslag, høyre korleis forskjellige narkotiske midlar påverka livet, han mistar venner, jobbar og pengar.

Humoren blir haldt gjennom heile denne delen av stykket, noko som gir mykje latter og liv blant publikum. Ganske brått, men i eit skile ein ikkje nødvendig vis merkar, blei stemninga i salen seriøs og alvorleg. Den humoristiske måten å framstille avhengigheit på gjekk over til at vi i publikum forstår at han er i ferd med å øydelegge sitt eige liv.

I opningsscena til førestillinga hadde vi alle i redaksjonen til ein viss grad forskjellige perspektiv og tolkingar på meininga bak den groteske starten, noko vi synast var interessant. Etter at stykket var ferdig måtte eg tenke tilbake på starten, og forstod då kva eg tolkar det som. Eg meiner at starten kan ha fleire betydningar. På eit vis tenkjer eg at den skulle forberede oss på resten av stykket, ved blant anna å presentere repetisjon som vi seinare i stykket kunne kjenne igjen ved dei gjentatte tilbakefalla mot narkotika og alkohol.

Sårbar historie utan ein moralpreike.  

Eg meina at denne unike starten kan tolkast som mykje forskjellig, med det som lyser mest igjennom er å bevise sluttpoenget hannar.  Han fortel at det er mange som slit med avhengigheit og at vi som eit samfunn har lett for å ikkje forstå alvoret av et misbruk.

Det er eit reelt problem som ein skal ta på alvor. Dette viser han på formidabelt vis ved hjelp av ein overgang som går gjennom heile teksten, nemleg ved å starte med tulle med noko av det mest alvorlege, altså sjølvmord, og ender opp med å fortelje oss ein sårbar historie utan at det blir ein moralpreike.

NB: Skodespelet inneheld mange scenar med sterkt blinkande lys som kan forårsake ubehag for enkelte sjåarar.

 

Skrevet av: Tonje Roos (16 år)